Litt «hustre» vart det nok for deltakarane på «Barn i løypa» da Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag arrangerte skileik for både småe og store på Tjønnmyran måndag kveld. Men om kvikksølvet kraup nedover til 8-9 minusgrader så var det ingen som gjorde sure miner av det. Det var berre å spenne på seg skiene og ta seg ein tur ut i sporet, så fekk ein opp både steamen og varmen. Rekordarta deltaking var det også, og på bildet vart alle borna med, minus 2 som kjem på neste bilde.
Totalt var det nok eit lite førtital som mønstra i lysløypa på Tjønnmyran når vi rekna både smått og stort. Det er faktisk sjeldan at det er så mange som møter samtidig, men mykje julemat og lite sosial kontakt gjennom juletida påvirka vel og motiverte folk til å spenne på seg skiene i lysløypa.
Fyr på peisen vart det og etter kvart, og det var nok mange som nytta høvet til å varme seg litt innimellom øktene ute i sporet. Fine forhold og godt føre var det også, og det var artig å sjå at det nærast krydde av folk ute i sporet.