Mandag kveld var det full sal ved Todalen Skule då elevane hadde gjort i stand til juleavslutning. Kvart årstrinn hadde førebudd minst eit innslag for dei mange frammøtte. 1. og 2. klasse dramatiserte Du og jeg og dompappen,3. , 4. og 5. song Julekort av Prøysen og Musa i bua, medan 6. og 7. framførte Snekker Andersen.
Heil til slutt før kaffeen, vart vi sjarmert i senk av barnehageungane, som og hadde førebudd seg på sceneopptreden. Dei song både På låven sitter nissen og ein Jul i Svingen melodi. Kjempedyktige var dei, alle mann!
Etter kaffepausen vart det juletregong av det tradisjonelle slaget, Med Syver sagar ved som det store høgdepunktet. Ein juletregongsong som berre todalingane kan, vart fleire innflyttarar einige om.
Til slutt kom og nissen innom så snarast og delte ut pakkar til alle små.