I dag ble det lys i den nye lysløypa på Tjønnmyran for første gong. Den siste tida har det vore jobba med tilkopling av strøm, og i kveld vart det lys for aller første gong. No er det berre å spenne på skiene og ta ein prøvetur!
I første omgang er det prøvedrift av anlegget, og Nils Ove Bruset som er prosjektleiar seier at det er behov for justering av nokre av lyskastarane men han tykkjer anlegget ser ut til å fungere bra. Todalen Idrettslag har investert rundt 1 mill. i prosjektet, og Bruset trur at sambygdingane kjem til å få mykje glede av den nye lysløypa. Vi kjem att med meir informasjon om korleis anlegget fungerer og korleis det skal driftast etter kvart.