På ein liten og improvisert pressekonferanse i ungdomshuset fikk Todalen.no førstehands informasjon om plana for årets revyfest, der Knut Bergli representerte fotballgruppa som er arrangør og Anders Gjeldnes representerte revyleiing. Det to kunne informere at det blir tradisjonell revyvest på 3. juledag – og skrivearbeidet til revyen er for lengst kome i gang, fortalte Anders Gjeldnes som sjølvsagt ikkje ville røpe noko frå revyprogrammet enno – men han anbefaler å sette av kvelden for 3.-dagens revyfest.
Knut som er leiar i fotballgruppa og egentleg sjølvskreven festleia, fortel at han er trygg på at den gruppa som har ansvaret for revyen borgar for kvalitetskultur frå scenekanten denne kvelden. Han borgar og for at det skal bli god mat og drikke på festa og at det alt er bestillt levande musikk. – Vi satsar på at dette skal bli artig for alle, og dersom du har lyst til å være med – enten på skrivearbeidet, scenearbeidet eller på kjøkkenet, så er det berre å ta kontakt med Knut på telefon 905 91 555 eller Anders på telefon 952 45 921. Er du redd for å bli parodiert er det ein fordel å være med i komiteen, gliser dei to som har posert for fotografen på scenekanten i ungdomshuset.