På sjukeheimen har dei hatt eit prosjekt for å skape meir trivsel for bebuarane. Talgø Møretre spanderte i fjor ein flott terrasse på austsida av sjukeheimen der det var lett å ta med bebuarane ut på luftetur på ein enkel måte når vêret tilet det. I same prosjektet høyrte også ei hagestue, der det er tak over haudet dersom det skulle kome nokre regndråpar – som det ofte gjer på disse trakter. No er alt på plass, og fredag var det offisiell opning med ei lita markering.

Den nye hagestua er klar til å takast i bruk. Jenny Nordheim og Rita Svorken på sjukeheimen, saman med John Moe og Bjørn Sæterbø frå Talgø MøreTre AS. Foto: Ingunn M.
Hagestua hører til den nye kolleksjonen – Talgø PlusConsept – som har vore lansert det siste året. No er den opne hagestua på plass framfor sjukeheimen, og kan nyttast av bebuarane eller den kan brukas til å sette ustyr og hagemøblar under tak når vêret krev det.
Som sagt var det det fredag laga ei lita markering med innbedne gjestar både frå Talgø MøreTre og frå kommunen, og sjølvsagt bebuarane og tilsette som har vore involvert i prosjektet. No er det berre vêrgudane som kan hindre at det blir sett i verk trivseltiltak og vi får håpe at dei spelar på lag utover sommaren, slik at utstyrer blir bruka og bebuarane på sjukeheimen kan kome seg ut i finvêret.

Sentrale personar i byggeprosessen – frå venstre Rita Svorken frå sjukeheimen, John Moe og Bjørn Sæterbø frå Talgø MøreTre og rådmann Knut Haugen som takka for den flotte gåva. Foto: Ingunn M.