Som tidlegare omtala har oktober starta med høg temperatur og landvind. Natt til måndag var det så kraftig vind at blant anna postkassestativet på Kvendset blas over ende. Det resulterte i eit raskt restaureringsprosjekt på måndag, slik at posten igjen skulle oppbevarast trygt til den kunne bli henta. Byggherrane er sikre på at det skal helde ei god stund.