Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Oddveig Helset Halle fekk Kleivaprisen

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 25. mai 2024

Under Vårsøghelga sin Kleivakveld på Kleiva no i kveld, var nok utdelinga av Kleivaprisen det gjevaste innslaget . Årets Kleivapris gjekk til Oddveig Helset Halle, kantor i Surnadal kommune fram til februar i år, da ho gjekk over i pensjonistane sine rekker. Ho har vore kantor i Surnadal kommune i meir enn 30 år og bor i Stangvik. Det var ordførar i Surnadal kommune, Hugo Pedersen som delte ut Kleivaprisen. 

Grunngevinga for tildelinga av Kleivaprisen til Oddveig: 

«Det blir sagt om årets Kleivaprisvinnar at ho var den høgast utdanna og best kvalifiserte kulturarbeidar Surnadal kommune har hatt i hennar aktive periode!»

Andre uttalar er at:

  • «ho er ein trygg og god person, tålmodig med barn og flink med vaksne».
  • «ho er mild og strålar godheit, ho lagar mykje lyd og har ein skyhøg musikalsk kvalitet».
  • «ho har nok slite ut mange strikkagensrar i si karriere». 

«Starta å lære seg eit av sine instrument som 9 åring, studerte kyrkjemusikk ved Trøndelag Musikkonservatorium. Var innom Surnadal som kantor eit par år på 80 talet, og kom hit og tok over stillinga etter Gunnar Vik i 1995. Ho overtok da også det store korarbeidet som høyrde stillinga til – både Surnadal Kyrkjekor og barnekyrkjekoret Jubilate».

«Det er mange unge i Surnadal som har hatt god, kultivert og kultiverande songopplæring og har fått store musikkopplevingar gjennom Jubilate, som òg gav ut to CD-innspelingar i løpet av dei 20 åra ho leia dei. Etter å ha leia Surnadal Kyrkjekor i ei årrekkje, tok ho initiativet til å danne koret Credo, som ho leia fram til at ho gikk av med pensjon i februar i år».

«Ho er ein dyktig og mykje nytta akkompagnatør på orgel og piano. Dette har igjen utløyst fine konsertar med kor, grupper og solistar frå heimbygda og andre stader. Mest av alt har ho vore kyrkjemusikar med stor dyktighet, kunnskap og idealisme».

Todalen.no gratulerer Oddveig med Kleivaprisen 2024! 

 

 

Publisert: 25. mai 2024, 18:18