Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Oda på Marit-sprinten

Oda på Marit-sprinten

Elinor Bolme Onsdag 31. mars 2010

Tirsdag var Oda og Emma frå barne-tv serien Fjellgarden i Trollheimen, invitert til Oddjære i  Budalen på Marit-sprinten og Majas Skileiker. Gudmund Kårvatn fortel at dei tidlegare i vinter fekk ein førespurnad frå ein av arrangørane, Jens Storli om det var mogleg å få besøk frå Fjellgarden i Trollheimen under desse leikane. Dei tykte serien passa godt inn i filosofien dei sjølv har rundt dette arrangementet.  Emma vart desverre forhindra i å delta, men Oda og far Gudmund angra ikkje på turen.
I tillegg kom Oline Rørstad Bredeli frå Levanger og song songar frå CD´n knytta til serien.
Det var full fart heile dagen med forskjellige aktivitetar for ungane, og det var lagt vekt på at også dei vaksne skulle vera delaktige, og ikkje berre passive tilskodarar som dei oftast er under skiarrangement for ungar.

Fleire område var tilrettelagte med alt frå div. hoppbakkar, akebakkar, orgeltramp, kuledåre etc.

Totalt var det ca 1000 personar på Oddjære denne dagen. Her er det Marit Bjørgen og Fred Børre Lundberg som kappast i stafettduell. Og Marit vann.

Etterpå vart det medaljeutdeling…

…mens andre skreiv autografar.

Foto: Gudmund Kårvatn

Publisert: 31. mars 2010, 00:04