Grunna låg deltaking vil skyttarlaget endre skyteplana for skyteprøven frå kvar måndagskveld til annakvar frå og med denne veka. Dermed blir det skyting på følgjande datoar utover sommaren og hausten: 13. juli, – 27. juli, – 10. august, og 24. august. Tidspunkt er som før frå kl 18.00 – 20.00. Dette er altså datoar som gjeld i år for skyting i Ranheimsvingen.
Leiar i skyttarlaget, Håvard Halset, fortel at dette er ei endring som blir gjort på grunn av at det er få som treng å ta skyteprøven – i hovudsak nye jegrar og jegrar som ikkje tok skyteprøve og deltok i storviltakt i fjor. Det er koronakrisa som gjer at vi har fått slik regelendring som berre gjeld for i år – neste år vil laget i utgangspunktet køyre ordinær skyting kvar måndag.
Heilt til slutt oppfordrar leiar i skyttarlaget, Håvard Halset, alle jegrar til å kome på skytebanen for å trene skyting før årets jaktsesong.