Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

OBS OBS! – Fjellgruppa flyttar Innerdalsturen sin frå tysdag til torsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 14. august 2022

Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin planlagde tur til Innerdalen og Renndølsetra tysdag 16. august, blir flytta til torsdag 18. august. Dette etter å ha lese vêrmeldinga på yr.no for tysdag. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:30 for samkøyring til Kvanne fergekai, der dei tek ferga klokka 11:00. Dei som har kortare veg til Kvanne fergekai, møter her til avgangen klokka 11:00.

Det blir parkering Innst i Virumdalen, før turen går vidare til fots etter god veg opp dei 4,5 kilometrane til Renndølsetra. 

På Renndølsetra er det høve til å kjøpe kaffe, bakels og meir til. Her blir det høve til å sjå seg om – kanskje blir det også ei eiorientering om setra og korleis dei berga Innerdalen frå oppdemming.

Retur når vi blir enige om det, seier Kristian Ranes i Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag. 

Trengst ikkje fjellsko, men godt humør er bra!, legg han til

Fjellgruppa ønsker vel møtt!

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 14. august 2022, 19:53