Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nyvegen ved Kufalla tek form…

Jon Olav Ørsal Torsdag 11. januar 2018

Det går framover med vegarbeidet i Falla, med arbeidet er utruleg forsinka i forhold til den første plana som gikk ut på å halde stengt i 5 veker. Da gammelvegen rasa ut vart arbeidet mykje meir omfattande enn først planlagt, og det er store mengder med stein og grus som er frakta vekk.  No går ny prognose ut på opning om eit par veker for nødvendig transport – medan ferdiggjering av vegen til ta lengre tid.

nettbutikken er redninga for Kårvatn Fjellutstyr – vi gler oss til nyvegen blir ferdig, for dagens logistikksituasjon er krevende, seier Laila K. Bergli som er dagleg leiar ved Kårvatn Fjellutstyr. Foto: Jon Olav Ørsal

Det er klart at vegarbeidet sett tolmodet på prøve for dei som bur eller jobbar ovafor Falla, slik som Kårvatn Fjellutstyr.  Det har vore knytta stor spenning til omkjøringsvegen over Tjønnmyra og korleis den ville fungere.  Dette har funger over all forventning, seier Laila K. Bergli, som er dagleg leiar for Kårvatn Fjellutstyr. – Men vi gler oss sjølsagt til veganlegget i Falla er ferdig.  Ei utfording er det sjølvsagt med slaktebil, søppelbil og ikkje minst skulebussen som ikkje kan bruke omkjøringsvegen – dermed blir det stopp i Brusetmarka.

No er det tid for skiutstyr, seier Fredrik Thoresen Sletten ved Kårvatn Fjellutstyr. Foto. Jon Olav Ørsal

No tek nyvegen form – men det er enno mykje masse som skal ut. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 11. januar 2018, 22:37