Torsdag ettermiddag vart nyvegen i Falla offisielt teken i bruk. Vegbanen er no sprengt inn i berghammaren og ligg trygt og godt på fast grunn, og øverste del av vegen er sprengt ned til korrekt nivå. Torsdag vart vegbanen grusa opp, og det er lagt opp midlertidig stabbsteinar. Dermed er det trygt å trafikkere nyvegen for alle og vegen er opna for alminneleg trafikk, fortel oppsynsmann Gunnar Bøe i Surnadal kommune.
Det vil imidlertid bli en del arbeid i området også neste veke, da det skal settes opp ein mur mot vegkanten for å hindre at grus og stein skal rase ut i vegbanen. Dette arbeidet vil fortsette neste veke, og det tas forbehold om at det kan bli litt ventetid også i neste veke. Men omkøyringsvegen blir open også i neste veke og vil bli godt strødd slik som tidlegare i vinter.
Gunnar Bøe takkar alle som har utvist stort tolmod med vegarbeidet som har pågått i Falla i vinter. Det gjeld både bebuarane og næringsdrivande ovafor Falla og ikkje minst Todalen Idrettslag som har vist stor velvilje og slept omkjøringsvegen inn på traseen for lysløypa på Tjønnmyra. Vegarbeidet i Falla skulle være unnagjort på 5 veker, med start i månadsskiftet oktober/november. I staden vart det 15 veker, men da må vi også poengtere at resultatet vart mykje betre. Dette har si årsak i at gammelvegen rasa ut og arbeidet vart dermed mykje meir omfattande enn først planlagt.
Seinare i vår vil den siste finishen og montering av skikkelege glidekantar/rekkverk bli gjort, seier Gunnar Bøe i Surnadal kommune, som no er glad for at vegen er opna for ordinær trafikk.