Tysdag 3. oktober arrangerte Omsorgsberedskapsgruppa i Todalen sanitetsforening det årlege kurset sitt i førstehjelp og brannvern. Om lag 25 personar møtte opp og fekk ein svært nyttig repetisjon både i brannvern og førstehjelp. Kunnskap om førstehjelp og brannvern er viktig , det kan faktisk vere livreddande i enkelte situasjonar. Og for å vere best mogleg rusta til å takle slike situasjonar, er nok hyppig gjennomgang og repetisjon viktig!
Jan Ove Bævre og Olav Polden demonstrerte hjarte- og lungeredning, og gjekk gjennom viktige punkt for førstehjelp i ulike situasjonar.
Hjarte- og lungeredning skal brukast når ein person er bevisstlaus og pustar dårleg eller ikkje har pust.
Hugs:
- Opne og frie luftvegar
- 30 kompresjonar – kraftige
- 2 innblåsingar – berre ein liten munnfull om gongen
- Ikkje gløym å ringe 113 – lurt å bruke høgtalar på telefonen
- Viktig å ha adresse/gardsnummer- bruksnummer/koordinatar på kart for å kunne angi nøyaktig stad til AMK.
Viss ein person er bevisstlaus, men pustar, da er det første bod å få personen i stabilt sideleie for å frie luftevegar, sjekke pusten og ringe 113.
Eit anna tema var hjerneslag, der er det utruleg viktig å få rask hjelp for å minske skaden mest mogleg. Ikkje vent og sjå det an, ring 113 straks!
FAST-regelen hjelper å avsløre slag:
- F = fjes. Lammelse i ansiktet, skeivt smil
- A = arm. Lammelse i arm, sjekke om den sjuke kan løfte hendene over hovudet
- S = språkforstyrrelse. Sjekk om personen kan seie ei enkel setning.
- T = tale. Sjekk om personen har tydeleg tale.
Ved trafikkulykker er det viktig å sikre seg sjølv og skadestaden først, så ringe hjelp og starte førstehjelp. NB: Hugs frie luftvegar!
Frå Todalen brannkorps stilte Håvard Halset og Ivar Bolme. Her fekk deltakarane prøve å slokke brann med brannslokkingsapparat; det er kjekt å ha prøvd det viss uhellet er ute ein dag og det hastar. Dei demonstrerte både pulverapparat og skumapparat. Det siste er best å bruke inne i hus, men det toler ikkje frost.
Elles er vi heldige som har eit lokalt brannkorps for dei stiller opp i mange situasjonar. Det nye no er at dei er med i PLIVO – pågåande livstrugane vald. Det er prosedyre for korleis naudetatane politi, brann og helse skal samhandle i situasjonar der det blir utøvd vald mot fleire personar. Dette er eit oppfølgingstiltak etter 22. juli 2011.
Kvelden vart avslutta med kaffe og god gjærbakst, utlodding og takk til kurshaldarane.
Ivar og Håvard avslutta med å minne om at på kjøkkenet må ein ha brannteppe, det er viktig no når smultgrytene snart kjem på komfyren!