Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nyttårskveldsgudsteneste i Todalen kyrkje søndag ettermiddag

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 29. desember 2023

Todalen Sokneråd inviterer til nyttårskveldsgudsteneste i Todalen kyrkje søndag 31. desember klokka 16:00 Forrettande prest er Torbjørn Brøske og ved orgelet sit Bernt Bøe. Preiketeksta er frå Johannesevangeliet kap. 14: «Fred etterlater jeg dere».

Salmane som skal syngast er: «No koma Guds englar med helsing i sky» (54), «Noen må våke i verdens natt» (738), «Den store stjerna» 92 og «Hallelujaomkved» 977.4. Og etter preika vert det «Du Ord frå alle æver» (77), og som avslutningssalme «Jeg tror på jordens forvandling» 899.

Takkoffer den siste kvelden i 2023 går til Misjonsprosjektet på Vipps 506908. 

Todalen Sokneråd ønsker alle hjarteleg velkomne!

Frå Bernt Bøe, som er organistvikar, har vi fått oversikt over salmane som skal brukast under gudstenesta nyttårsaften – han skriv:
Til dykk som tenkjer å vera med i kyrkja nyttårsaftan kl 16:
Salmane er no bestemt:
54 No koma Guds englar 1-3
738 Noen må våke
92 Den store stjerna
….
977.4 Hallelujavers (fleirst)
…..
77 Du Ord frå alle æver
899 Jeg tror på jordens forvandling
 Håpar mange deltek på salmane!

Publisert: 29. desember 2023, 17:53