Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nyttårskonsert med TrondheimSolistene og Ragnhild Hemsing

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 9. desember 2024

I ei årrekke har TrondheimSolistene gjort nyttårskonserter i regionen vår og Surnadal kulturhus. Fredag 10. januar klokka 19:00 kjem TrondheimSolistene, saman med Ragnhild Hemsing som solist til Storsuå på Surnadal kulturhus for å gje oss årets nyttårskonsert.  

På nyttårskonserten utforskar Ragnhild Hemsing Griegs verdensberømte musikk med både hardingfele og fiolin i ei unik bearbeiding som har vekt oppsikt internasjonalt.

«Edvard Grieg har sjølv sagt at Peer Gynt-musikken hans er inspirert av norsk folkemusikk. Med det i tankane har ønsket mitt med dette prosjektet vore å trenge djupare inn i lydverda til Peer Gynt-musikken og utforske det spennande skjeringspunktet mellom folkemusikk og klassisk musikk» fortel Ragnhild om prosjektet. 

To av stykka til Peer Gynt vil vare i samspel med kulturskuleelevar.

På konserten får ein også høyre TrondheimSolistene fremføre «Lyden av Arktis» av Lasse Thoresen, med satsane «Høgtid, Mørketid, Lystid» og «Slåttemylder».

Årets nyttårskonsert opnar med eit fyrverkeri av eit stykke, nemleg Jessie Montgomerys «Starburst»!

Billettar til nyttårskonserten med TrondheimSolistene og Ragnhild Hemsing

Først publisert: 9. desember 2024, 08:00 - Sist oppdatert: 8. desember 2024, 21:35