Fredag 8.jaunuar kl. 19:00 kjem TrondheimSolistane til Surnadal kulturhus for å halde, sin etter kvart, tradisjonelle nyttårskonsert. I år har dei med seg sopranen Eir Inderhaug som solist. Elevar frå kulturskulane i Surnadal og Sunndal, under leiing av Synnøve Hammervold, vil opne konserten i samspel med TrondheimSolistane.
Eir Inderhaug er fødd i 1971 og har etter debuten som operasongar i 1999 utvikla seg til å bli ei av dei fremste norske songarane. Ho har òg hausta anerkjenning på operascener på europeiske scener. Her heime har ho, i tillegg til si tilknyting til Den norske Opera og Ballett, mellom anna vore sentral i «Les Misèrables» på Trøndelag Teater, «Spelet om Heilag Olav» på Stiklestad og på «Peer Gynt-stemnet» ved Gålåvatnet.
TrondheimSolistane lovar at det som alltid vil vere nokre overraskingar under vegs, og at vi vil få høyre noko for ein kvar smak.
Billetter til nyttårskonsterten kan ku kjøpe her: Nyttårskonsert 8.jaunuar 2021