Det har etter kvart vorte ein tradisjon med nyttårsgudsteneste i Todalen kyrkje. Kjell Gunnar Polden har sendt oss ein liten omtale av gudstenesta i ettermiddag. Omtalen les du nedanfor.
I overkant av 30 personar var samla i Todalen kyrkje til nyttårsgudsteneste tysdag 31. desember. Salmesongen ljoma kraftig som den brukar å gjera, og det var ei fin blanding av kjente og meir ukjente songar.
Prost Vidar Rygh tok tak i det Jesus seier om å ta på seg åk og lære av han. Dei fleste forbind det å ta på seg åk med noko negativt, og tenkjer gjerne på børtreet. Ein kan tenkje at åk og ork kan vera to sider av samme sak, og at det neppe gjev lykke å ta på seg åk. Kanskje ville det vera betre med ein « la meg slippe unna Gud», at vi kunne få ein hengekøyetilværelse der vi kunne vri oss unna, med fulle mager og uten følelser. Men prosten sa at Jesus tilbyr hjelp til å bera, ikkje vri seg unna. Vi er på jorda for å lære, for livet er ikkje statisk. Dersom vi skal vekse og modnast med Kristus som midtpunkt, må vi lære å møte påkjenningar og motgang. Det set oss også i stand til å hjelpe andre. Vi blir meir heile som menneske, og ordet heil kjem muligens frå same opphav som «hellig».
Ettermiddagen vart ei fin samling for å takke av det gamle året og ønske kvarandre til lykke med det nye. Og det gjorde bokstaveleg tala prosten, da han ved utgangen tok alle i handa og ønska godt nyttår.
Tusen takk til Kjell Gunnar for bidraget!