Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nyttårsfest for eldre – populært tiltak

Jon Olav Ørsal Torsdag 25. januar 2024

Surnadal demensforening og helselag inviterte til nyttårsfest for eldre torsdag ettermiddag og kveld.  Liv Botten som er mangeårig leiar i foreninga var spent på om det vart nokon respons på invitasjonen, men der tok ho feil. Da fristen for påmelding var ute hadde ho over 80 namn på lista, og da var det berre å trø i gang i samarbeid med Thon Hotel Surnadal. 

Det var styret i demensforeninga og fleire til som var arrangør – her er Bente Mogstad, Liv Botten og Lilly Gunn Nyheim framfor det gedigne bordet med lotterigevinstar. Foto Jon Olav Ørsal

Liv og resten av styret i foreninga, og fleire til, var arrangementskomité, og arrangementet var finansiert gjennom midlar som var øyremerka til sosiale tiltak for eldre.  I tillegg var prosjektet støtta av bankar, lokalt næringsliv og til og med privatpersonar slik at det vart gratis å ta del i arrangementet.

Husets kjøkkenet fekk mykje skryt for menyen som var nasjonalretten kjøttkaker. Med tilbehøyr som ertestuing, grønsaker og potetpuré  – og med heimlaga karamellpudding til dessert var det ein meny som fall i smak hos gjestane.

Arrangementet var mest basert på sosial kontakt med kvarandre, men likevel var det nokre underhaldningsinnslag.  Musikk, song og dans høyrer med når det er fest, og arrangøren hadde hyra inn Mathias Kalvatsvik som sørga for ein livat kveld på dansegolvet.

Brit Holte er æresmedlem i Surnadal demensforening og helselag – ho fekk ei påskjønning med Lilly Gunn Nyheim som er landsstyremedlem i Nasjonalforeninga for folkehelsa. Foto Jon Olav Ørsal

Øyvind Holte hadde eit innslag med tolking av gamle revytekster etter Jørgen Gravvold og Styrkår Brørs – eit artig innslag som folk sette stor pris på.  Per Reiten song Anders Svensk – med ”Liljen uti dalen” som den forsmådde svensken hadde skrive teksta til.

Elles orienterte leiar Liv Botten om historia og aktiviteten oppgjennom tida for Surnadal demensforening og helselag.  Foreninga vart stifta alt i 1910, og har spela ei viktig rolle i helsearbeidet i Surnadal.  I dag har foreninga knappe 200 medlemar, og ønskjer at fleire skal være med og støtte det viktige arbeidet.  Ein av dei viktigaste funksjonane til foreninga i dag, er å spreie info og opplysning om demenssaka og innsamling av midlar til lokale aktivitetar og til forskingsarbeid som er støtta i stort omfang av morselskapet Nasjonalforeininga for folkehelsa. Berre demensaksjonen i fjor haust samla inn over 144.000 i Surnadal kommune. Dette skjedde med god hjelp av frivillige og Surnadalsrussen.

Øyvind Holte friska oppatt revytekster etter Jørgen Gravvold og Styrkår Brørs. Foto Jon Olav Ørsal

Lilly Gunn Nyheim er sentralstyremedlem i Nasjonalforeininga for folkehelsa, og ho helsa derifrå, samtidig som ho orienterte om oppgåver dei står overfor.  Dei har to store saker på prioriteringslista – Hjarte og karsjukdomar og demenssaka.  Dei arbeider for at folk skal få rettleiing i å ta var på helsa si – både den fysiske og psykiske delen.   Dette skjer gjennom forsking og infoarbeid.

Heilt på tampen var det trekning i lynlotteriet – med rundt 40 flotte gevinstar var det skikkeleg respons på loddsalet.  Leiar Liv Botten rettar ein stor takk til lokalt næringsliv og til alle som har ytt eit bidrag til arrangementet.  – Dette er viktig for oss – ikkje minst er det godt for oss at arbeidet vårt blir lagt merke til og at folk ser kva vi driv med.

Liv Botten er leiar i Surnadal demensforening og helselag. Ho rettar ein stor takk til alle som har støtta arrangementet på kvart sitt vis – ein spesiell takk til Sparebank1 Nordmøre som har bidrege med heile 50.000. Liv lova ny fest til neste år, og fekk stor applaus for det. Foto Jon Olav Ørsal

Og til neste år lovar arrangøren ny nyttårsfest!

Fleire bildeglimt frå nyttårsfesta til Surnadal demensforening og helselag – alle foto Jon Olav Ørsal

Surnadal demensforening og helselag er medlem i Todalen.no

Publisert: 25. januar 2024, 11:26