Tordenskjold songlag tek no initiativet for å starte eit ungdomskor på Indre Nordmøre. Koret er beregna for både gutar og jenter i aldersgruppa 16-20 år, men ivrige songarar utanfor desse aldersgrensene kan også ta kontakt, melder Elsa Kvande i Tordenskjold songlag.
Repertoaret vil bli songer fra flere stiler og tider, med vekt på musikk som er fengende og interessant. Målet med eit slikt kor er å synge saman og få fram sanggleda, både hos songarar og publikum.
Eit kor skal sjølvsagt opptre, og det er flere muligheiter utover høsten. I løpet av sesongen 2015-2016 planlegges også muligheiter for ein tur til London med eigne konsertar og andre opplevingar. Mykje av aktivitetene og repertoaret vil naturligvis bli bestemt av korets medlemmer i samarbeid med dirigent/musikalsk ansvarleg. Koret kjem til å øve ca 2 timer kvar onsdag ettermiddag i Surnadal sentrum, tidspunkt og stad bestemes etter kvart.
Skulle dette være noko for deg og dei du kjenner? Møt opp onsdag 20.august kl 17.00 i Surnadal Kulturhus så starter vi, helsar Elsa Kvande. For nærmere informasjon: ta kontakt med Elin Persson: elinpers@online.no