Mange har muligens sett at det har vore ein del aktivitet i «gammel-posthuset» den seinare tida. Det er fordi ein gjeng med unge menn har dreve oppussing av lokala. Ungdomane har som mål å få laga eit eige treningslokale her, til bruk for alle i bygda. Da todalen.no var innom som snarast, hadde dei så smått byrja å forflytta styrkeapparata som tidlegare har stått på Sias og Bordholmen. Ellers hadde dei måla det gamle postlokalet, flytta veggen mot der solariet er for å auke arealet litt og naturlegvis hatt på listverk.
Men dette stoppar nok ikkje her, for mest sansynleg kjem garasjen på baksida også til å bli ein del av eit utvida lokale, med enda fleire treningsapperat. Ei utvendig oppgradering avbygningsmassen er også antyda.
Ola Haugen Ansnes med siste finpuss før bruk, oppryddinga.
Då todalen.no var innom ønska Knut online casino games Jarle Bergli at bygdafolket skulle sende inn forslag på kva dete nye «treningssenteret» skulle heite. Oppussargjenegen skal så velgje ut dei 7-8 beste forslaga slik at vi her på todalen.no laga ei avstemming lik «månadens bilde» for å kåre folkets favoritt. Derfor ønser han at alle gode navneforslag sendes til knut.bergli@talgo.no . Navnet vil så bli utfresa og hengt opp på husvegen.
Emil Haugen Ansnes poserer velvillig for fotografen.