Det vart i dag påvist eitt nytt tilfelle av covid-19 i Surnadal kommune. Det er ikkje tal om festsmitte blant ungdom, men derimot dreier seg om muleg smitte via utlandet. Det er sett i verk smittesporing og vedkommende er isloert, heiter det i ei kort melding frå kommuneoverlegen.
På grunn av arbeidet med smittesporing og handtering av mulege nærkontaktar, vil ikkje Buan vere tilgjengeleg for nærare kommentarar til pressa i dag, men vil komme med meir informasjon i morgon.