Nytt Surnadalsmagasin på veg til postkassar på heile Nordmøre, samt i nabokommunar i Trøndelag. Denne gongen blir magasinet også distribuert i Kristiansund.
Les meir om Pulsen i både kulturliv og næringsliv i Surnadal. Ein finn også interessant innhald både om dugnadsånd og nyheiter som rører seg i kommunen vår.
I samarbeid med Surnadal kommune inneheld Surnadalsmagasinet ein informasjonsfoldar som er limt inn i magasinet. Der finner ein informasjon om dei store festivalene, tips til ein aktiv sommar i bygda og friluftslivets år.
«Stikk Ut!» Sommar er sjølvsagt også med, og for dei frilufts interesserte så finn ein informasjon om DNT-hyttene og lokale badeperler, både i sjø – og ferskvatn.
Reklameavdelinga i Thon-gruppen har eit tett og godt samarbeid med Surnadal kommune, Næringsforeninga i Surnadal og Lediard foto. Redaksjonen ønsker å takke lokalt næringsliv og frivillige organisasjoner som er med og støttar opp og annonserer i magasinet.
– Uten dere hadde ikke et stort prosjekt som dette latt seg realisere, seier prosjektleiar for Surnadalsmagasinet, Stig Husby i reklameavdelinga i Thon-gruppen.
Redaksjonen håper at alle får ei god lesestund, og får du ikkje magasinet i postkassa, så finner du det på flere aktuelle plassar rundt om i kommunen.
Magasinet når langt utenom kommunegrensene også, og kan lesast digitalt ved å trykke på lenda nedanfor: