Vi har motteke ei pressemelding frå Amfi Kreativ, som fortel at eit nytt vintermagasin for Surnadal er på veg til postkassane rundt omkring i distriktet.
Denne gongen er det tema vinteraktiviteter i Surnadal, toppturer, randonee i Todalen og ellers mykje godt lesestoff både no før jul og utover vinteren.
Stig Husby i Amfi Kreativ fortel at mange kjem til å kjenne att fleire lokale personar, både frå Todalen og ellers i kommunen.
Saman med Surnadal kommune og Surnadal Næringsforening har vi laga eit rikhaldig magasin, der både lokale bedrifter og lag og foreninger får spalteplass, fortel Stig.

Amfi Kreativ gler seg til å gi ut eit nytt Surnadals-magasin. Dei inviterer samtidig både nye og gamle kunder innom lokalene sine i Alti-senteret i Surnadal. Foto: Lediard Foto AS.
Det er slett ingen sjølvfølge at vi klarer å gi ut eit flott magasin her i Surnadal, og vi i redaksjonen ønsker å takke det lokale næringslivet som stiller opp som annonsører, gong etter gong.
Utan dei lokale bedriftene hadde det ikkje vore mogleg å realisert desse produksjonane, seier Stig.
Magasinet gis ut i 15.000 eksemplar og har distribusjon til Surnadal, Heim, Rindal, Orkland, Sunndal, Tingvoll, Aure og Smøla. Det betyr at Surnadals-bedriftene får vist seg fram på beste måte for eit stort omland.
I tillegg får vi markedsført Surnadal og mange av dei tilboda vi har her i kommunen, fortel Stig.
Amfi Kreativ ønsker også å takke fotograf Nathan Lediard for flotte bilete nok ein gong.
No håper vi at alle kjem i skikkeleg vinterstemning, og at magasinet får ei lang levetid heil til snøen forsvinn, avslutter Stig Husby frå Amfi Kreativ.
For dei som ikkje får magasinet i posten, kan det lesast ved å trykke på lenka: Surnadals-magasinet vinter 2021/22