I går kveld hadde Todalen Grendalag sitt aller første årsmøte. Foreninga vart eit utspring av det gamle PT-utvalget som tidlegare har vore eit «tvangs-organ» vald utan at dei valgbare har vore spurt, i forbindelse med kommunevalga. Og med oppstart på juni i fjor sp var det ikke all verden dei hadde å vise til i årsmedinga si. Men to grendamøter, eit høringsutkast til skuledebatten og kartlegging av ale ledige bustader i bygda var likevel noko av det dei hadde fått igjennom på kort tid.
Økonomien er ikkje bunnsolid. Enno i alle fall. Det gamle PT-uvalget hadde snaue 0,36 kroner på bok, så oppstartsmidlane frå Surnadal kommune på 30 000 kom godt med seinhausten -18. Og som annonsert forrige veke fekk også grendalaget nyte godt av Surnadal sparebank sine midlar i form av ei overføring på 20 000 kroner.
Det nye styret vart einstemmig vald slik:
- Leiar: Bjørn Gunnar Ansnes
- Sekretær: Maria Hagerupsen Halle
- Kasserar: Jostein Bruset
- Styremedlemmer: Karin Halle og Øystein Moe
- Varamedlemmer: Jo Gjeldnes og Ola Haugen Ansnes
Sidan årsmøtesakene var unnagjort på få minutt inviterte det nye styret dei frammøtte til å komme med forslag til aktuelle tema og arbeidsoppgåver for grendalagets vidare innsats for Todalen.
Og mange innspel om vidare engasjement for den nyoppstarta foreninga kom fram:
- Bustader og tomter-> Har Todalen eigentleg noko å by på?
- Legge til grunn ein sunn økonomi framover-> både kommunale- og fylkeskommunale midlar kan være aktuelle å få tak i med gode prosjekt og gode søknadar.
- Trivselstiltak i bygda-> årlege arrangement av ulik karakter, usetjing av bord og benkar rundt heile bygda,
- Ungdomsaktivitet -> engasjer og inspirer ungdommen til å engasjere seg i og for lokalsamfunnet sitt