Stangvikfestivalen har hatt årsmøte og valt nytt styre. Lise Mari Brøske, som tidlegare har vore økonomiansvarleg i styret, blir ny styreleiar i Stangvikfestivalen. I styret får ho elles med seg Jo Inge Nes (nestleiar), Astrid Hyldbakk (sekretær), Mari Bøe (økonomiansvarleg), Håkon Solem (marknadsføringsansvarleg), Rakel Polden (forpleiningsansvarleg) og Sigrid Vetleseter Bøe (kunstnarleg leiar).
Ut av styret går Brit Dyrnes, Hedda Hansen Berg og Anne Saltrø Polden, men alle tre blir med vidare i arrangementskomiteen for Stangvikfestivalen.
Stangvikfestivalen har vedteke å endre måten dei arbeider på og gjere vedtak, og har tilpassa måten dei organiserer seg på i høve til dette. – Dermed får vi fatta nye vedtak på effektiv måte, men fortsatt benytte oss av all kunnskap som alle personane i komiteane sitt på, seier Sigrid Vetleseter Bøe.
– Til dømes vil vi no skal sette programmet for festivalen, så fattar styret vedtaket om budsjettet og antal artistar, så tek eg med meg denne infoen til kunstnarleg råd, som igjen formar det kunstnarlege innhaldet i festivalen. Det er veldig enkelt og greitt, legg ho til.
Bøe trur dette og vil gjere det enklare å samle dei ulike troppane.
– Med ein kunstnarleg leiar som bor utanlands er det bra at komiteane kan jobbe utan at alle treng å vera tilstades på alt, avsluttar ho.