Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nytt styrarpar på Innderdalshytta

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 26. april 2023

Ei av dei mest kjente turistforeiningshyttene har fått nye drivarar. Det er Trygve og Astrid Roaldset som no blir styrarpar på Innerdalshytta i år.
Innerdalshytta ligg vakkert til i det som er kjent som Norges vakraste dal.

Trygve og Astrid ser fram til å overta som vertskap på den kjente hytta i Sunndal. Dei har lenge drøymd om å få eit moglegheit som dette.

Å ta imot sultne fjellturister i disse vakre omgivelsene blir urolig flott, seirer det nye styrarparet.

Vår på Innerdalshytta. Foto: Roar Halten

Opnar med betjening sankthansaftan

Elddåpen for det nye styrarparet blir sankthansaftan. Frå da av og fram til 31. august skal dei ha full drift på hytta. Etter det står dei klare for å ta imot bryllaupsgjester, blåturar, bursdagsselskap og andre som ønsker å legge arrangementet sitt til den vakre dalen og Innerdalshytta.

Mellom betjent sesong er hytta apen for sjølvbetjent overnatting.

Astrid og Trygve Roaldset er frå Surnadal, og tek no vegen over Bjøråskaret for å servere «græt og bakkels», og for å ta imot dei mange tusen fotturistane som kvarrt år kjem opp i Innerdalen.

Trollheimen. Foto: Marius Dalseg – DNT

Godt humør og vinnande vesen

Dagleg leiar i KNT, Roar Halten, er svært takknemleg for at Astrid og Trygve har takka ja til å vere styrarar på Innerdalshytta.

Dette blir veldig bra. Med sitt gode humør og vinnende vesen, så tror jeg paret blir tatt godt imot fra alle som besøker Innerdalshytta i sommer, seier Halten.

Avtalen mellom KNT og dei nye styrarane om drift av turistforeiningshytta er på fem år, og varer fram til 2028.

Pressemelding frå KNT

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 26. april 2023, 05:50