Bondelivet er draumen for mange, med friheit, nærleik til naturen og meining som matprodusent. Samtidig kan bonden måtte tåle ekstra belastningar i forhold til folk flest. Mykje arbeid, åleine-arbeid, helg- og kveldsarbeid, personleg økonomisk risiko, ansvar for dyr og stor avhengigheit av forhold utanfor kontroll, som ver, rentenivå og politikk. Tett samanheng mellom arbeids- og familieliv gjer at problem kan få ringverknader, og opplevast altoppslukande og uangripelege.

Frå stiftelsesmøte 2. juni i Rindal. Fra venstre: Gunbjørg Loe Sørløkk (NLR), Anne Marit Løfaldli (Tine rådgivning), Lina Røen (Rindal kommune – helse og omsorg), Ildri Bolme (veterinær), Sigmund Moen Trønsdal (NLR), Arnhild Fagerholt (Rindal Sparebank), Bente Rindal Kvendset, Ingvild Kårvatn og Magnhild Bakk (Rindal kommune – psykisk helse- og rustjenesten), Yngve Røøyen (Småbrukarlaget), Gerd Eva Slettvåg (Sau og geit), Bjarne Lund (Rindal kommune – landbrukskontoret), Ivar Myklegard (Produsentlaget), Britt Furuhaug (Eika økonomi), Ola Bjørnås (Bondelaget). Foto: Rindal kommune
Bønder tåler mykje, men ingen tåler alt. «Bondens nettverk» står klare for å hjelpe når ein ber om det. Dei er personar som gjennom arbeid eller verv har som oppgåve å støtte bonden, gjennom alt frå økonomiråd til veterinærbehandlingar. Det nye med «Bondens nettverk» er eit betre samarbeid mellom desse og systematisering av tenestene dei tilbyr.
Tenesta har stort fokus på konfidensialitet, og vil ikkje dele personleg informasjon utan samtykke. Dei fleste av dei er i tillegg bundne av teieplikt i lovverk.
Oppstarten vil bli markert med eit storstilt og felles arrangement på Sagatun. Dette har fått fått tilskot til frå Trøndelag fylkeskommune. Her blir det mat, triveleg selskap, latter og innhald til ettertanke.
Hald av kvelden onsdag 26. november, meir informasjon om arrangementet seinare.

