Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nytt skuleår og ny sjåfør på skulebussen

Jon Olav Ørsal Tysdag 18. august 2020

Måndag var skulestart over heile linja – både på barneskulen, ungdomsskulen og vidaregåande.  Det var nok ein dag som mange hadde sett fram til og ikkje minst dei skom skulle starte i førsteklassen. Litt spenning var det nok for Odd Magne Heggem Grytskog som hadde «premiere» i ny jobb som sjåfør på skulebussen frå Todalen.  Odd Magne er 18 år, og er sikkert tidenes yngste sjåfør på skulebussen. Gammelsjåføren, Kristian Kjølstad, hadde takka av tidlegare i vår. 

Men Odd Magne er ikkje ny på bussen inn til Todalen. Han har vore lærling sia 1. oktober i 2019, og har vore med på mange turar til Todalen i lærlingetida. Han har satsa målretta på å bli bussjåfør.  Første året på vidaregåande på TIP (gamle maskin og mekk) og vidare til Kristiansund Videreregående med Transport og logistikk, og til slutt 19 vekers yrkessjåførkurs før det til slutt var oppkjøring og førarkor for buss.  Egentleg har Odd Magne, som kjem frå Lykkjebygda, vore veldig effektiv, for han er framleis berre 18 år – blir 19 i november.

Odd Magne er klar for runden rundt bygda for å samle elevane som skal til Surnadal. Foto: Jon Olav Ørsal

Odd Magne fortel at han har vore veldig motorinteressert – både bilar, traktorar og andre motoriserte ting har vore hans store interesse. Og det er fleire år sia han bestemte seg for eit yrke som sjåfør, og spesielt var det jobb som bussjåfør som frista. Etter målretta satsing har han no altså nådd dette målet, og han blir iallfall å finne på todalsvegane fram til lærlingekontrakten går ut – og kanskje lengre?  Vegen vidare blir til medan du kjører, Odd Magne!

 

Publisert: 18. august 2020, 07:23