Torsdag formiddag kom det opp eit nytt og stort skilt i Brusetkrysset som tydeleg viser veg opp bakken til Todalshytta.
Gunnar Nordvik har laga skiltet, medan Ola Bruset var med som assistent og stod mellom anna for graving av hol. Gunnar fortel at det skal bli tak over skiltet seinare.
Det er bra med tydeleg skilt, det er mange som har stansa nede i krysset ved Bruset og spekulert på kor dei skulle ta vegen. Krysset ved Bruset er det einaste krysset i bygda der fire vegar møtest.
Oppdatering:
Og før dagen var omme, var taket på skiltet på plass!