Tysdag kom det nye renovasjonspunktet til Remidt på plass på Kvennsetøran. Etter at Remidt la om til full kildesortering av avfall vart ein del av renovasjonspunkta tekne bort – derfor kom renovasjonspunktet i Todalen bort, og det førte til at det var minst 3 mil å kjøre til næraste tømmepunktet ved Todalskrysset. Dette førte til ei stor ulempe for alle dei rundt hundre fritidsbustadene i Todalen og førte sjølvsagt til protestar.
Arne Fiske som er avdelingsleiar ved Remidt Surnadal seier at han såg at dette vart litt feil, og når Todalen Bøgdalag og Matkroken Todalen tok kontakt med Remidt så var dei kjappe til å ta grep for å ordne opp i dette. Tysdag ettermiddag og kveld var Per Gjeldnes Maskin og nokre hjelparar på plass på Kvennsetøran for å lage permanent plass for stasjonen og montere elementa og kontainerane permanent. No trur vi at dette blir bra, og vi har alt fått fleire positive tilbakemeldinga allereie, seier Arne Fiske. Han seier at Remidt vil følgje med bruken av anlegget i Todalen, og eventuelt gjøre tilpasningar for å få dette så bra som muleg.
Han skryter av fritidsfolket som er flinke til å sortere avfallet på dei nye stasjonane og ser at dei er vante til å sortere avfall på heimebane. No håpar Fiske at brukarane blir dyktige til å halde orden rundt søppelanlegget, og eventuelt varsle Remidt med ein SMS dersom kontainrane er fulle. Større ting som ikkje går inn i kontainarane skal leverast på avfallsstasjonen i Industrivegen i Surnadal, og skal ikkje settast frå seg attmed kontainarane.
I anlegget er det også eigne dunkar for matavfall. Arne fortel at matavfallet som blir samla inn blir gjort om til biogass ved anlegget i Verdal, og gassen blir bruka til drivstoff for bybussane i Trondheim, og er altså eit plussprodukt. Totalt blir i dag ca 85 % av avfallet kildesortert – bare rundt 15% hamnar som restavfall og blir brent og bruka til oppvarming av Trondheim by.
Arne fortel også om tilbudet om avfallstaxi som Remidt har. Folk somk har vanskelig for å levere større ting sjølva kan få gratis avfallstaxi 2 gong i året for å levere f.eks vaskemaskiner, frysere og andre større ting på avfallsplassen – f.eks etter rydding av kjellaren. Da går du på heimesida til Remidt.no og responderer på tilbudet der.