Det er gått eit nytt ras i Falla i løpet av natta, og no i morgontimana vurderer kommunen kva tiltak som må gjerast. Beredskapsvakta har vore på staden, men Dalavegen er foreløpig ikkje stengt. Vi kjem til å ta eit overblikk over situasjonen saman med entreprenøren Per Gjeldnes Maskin når det blir lyst, fortel oppsynsmann Gunnar Bøe i Surnadal kommune. Han oppfordrar alle som ferdes i området til å utvise stor forsiktighet til ein får skaffa seg oversikt over situasjonen.
Det er masse frå plassen ovafor den tidlegare rasstaden som no har glidd ut, men verken vegen i Falla eller vegen innover til Gammelfabrikken er direkte berørt av raset. Vi kjem med meir info etter kvart….