Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nytt påvist smittetilfelle i Surnadal

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 5. oktober 2021

Ein eldre fullvaksinert person, busett i Surnadal, har testa positivt på reise utanfor kommunen. Vedkommande er isolert og oppheld seg utanfor kommunen i isolasjonsperioden. Risikoen for vidare smitte er særs låg. Dette opplyser kommuneoverlege Bjørn Buan, i ei pressemelding, no på tidleg ettermiddag.

– Vi varslar alltid ved bekrefta smitte med covid-19 hos personar som er busett i Surnadal kommune. Vi varslar ikkje ved påvist smitte hos personar som kun er folkeregistrerte her, med mindre det medfører lokal smittesporing. Dersom for eksempel statistikken til VG viser fleire smittetilfelle enn det kommunen har varsla om den siste tida, så er dette forklaringa, seier kommuneoverlege Buan. 

Publisert: 5. oktober 2021, 12:25