Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nytt påvist smittetilfelle

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 11. november 2021

Kommuneoverlegen i Surnadal kommune melder i dag føremiddag at kommunen har fått melding om eit påvist tilfelle av koronaviruset. Smittetilfellet gjeld ein eldre fullvaksinert person. Personen er isolert og smittesporing er sett i gang. 

Surnadal kommune har vore «koronafri» i fleire veker, men kommunen fekk i går kvled melding om eit nytt tilfelle. Smittesporinga er i full gang. Den smitta er ein eldre fullvaksinert person. I lys av smittesituasjonen i landet generelt og i regionen rundt oss spesielt, er dette som forventa. Surnadal kommune har vore førebudd på at smitte vil dukke opp att, og har beredskap for å minimere konsekvensane når dette skjer.

 

Publisert: 11. november 2021, 10:53