Onsdag eller torsdag går det nye vårmagasinet i postkassane i eit større opplag enn nokon gong. Stig Husby i Amfi Kreativ fortel av dette er ei storsatsing, og rundt 15.000 eksemplar blir distribuert. Nytt i år er at Oppdal og Rennebu er med – elles er Sunndal, Nesset, Tingvoll, Smøla, Tustna, Heim, Orkland og sjølvsagt Rindal og Surnadal. -Vi føler at vi treng å vise fram no, fordi at det er veldig mykje på gang her på heimebane – ikkje minst for å presentere eit omfattande program for «Midtsommar i Surnadal». Magasinet brukar heile 52 sider på å presentere næringslivet og folk i farta, så her må alle finne noko som interesserer.
Det gjelder både nye og «gamle» butikkar i Alti-senteret eller kanskje Bjørn Vevang som driv gravferdsbyrå her. Her er intervju med ungdomar på Pipe Life som leitar etter arbeidskraft og Cafe Somti som er nye i Fiskebygget. Surnadal kommune er tungt inne – den nye kommunedirektøren er presentert over 2 sider, og i tillegg er det lagt stor vekt på friluftsliv og turisme. Eit eige innstikk på 16 sider presenter mykje av det vi har å by på i tillegg til digitale tenester – alt til saman skal være med og trekkje folk hit på aktivitetar eller ferie.Over 2 sider får vi også info om positiv stemning i forkant av ein ny fiskesesong i Toåa – her blir sesongen utvida med 4 veker i år. Fjorårets sesong var på det jevne i Toåa, så no er vi spente på kva denne sesongen har å by på, seier Stig Husby som også er leiar i Todalen elveeigarlag.
Vidare inneheld magasinet fullt program for Vårsøghelga som går av stabelen siste helga på mai. Som vanleg bys det på eit variert og omfattande program der alle kan finne sine favorittar. Magasinet er rikt illustrert, og har massevis med flotte bilde – vil gje honnør til Amfi Kreativ for ei flott og livaktig magasin som presenter både kommunen og næringslivet vårt på ein framifrå måte. Vil du laste ned og lese magasinet på nettet så går du berre til linken her !