Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nytt og automatisk kappanlegg på plass

Jon Olav Ørsal Laurdag 9. desember 2017

Det er tidligere kjent at Talgøkonsernet står framfor store investeringer dei komande åra – godt over hundre millionar fram til 2020.  Denne veka blir det montert nytt automatisk kappanlegg i elementfrabrikken i Todalen som eit første trinn – over nyttår kjem montering av ny og automatisert elementjigg på plass – ei produksjonslinje for rasjonell elementmontering

Det nye kappanlegget skal være klart til prøvedrift alt neste veke.  Det gir mulegheit til å kommunisere og hente data direkte frå hustegneprogrammet. Samtidig vil det gi muligheit for optimalisering av materialbruken.  Det nye kappanlegget har kapasitet til å kappe alle materialar som brukes på huset og betjenes med ein person. 

Todalingen Arnstein Moe er salgsrepresentant for maskinleverandøren C.Dahm – litt artig at Arnstein var lærling hos Talgø da han tok utdanning som møbelsnekker. Foto. Jon Olav Ørsal

   Kappanlegget er produsert i Nederland, men det er C. Dahm i Bergen som er leverandør.  Vi tykker det er litt artig at det er Arnstein Moe som er salgsrepresentant for maskinfirmaet. Arnstein er todaling, og etter 2 år på møbellinja på Surnadal vidaregåande skule hadde han to års læretid på nettopp her på Talgø Møbelfabrikk.  No reiser han land og strand rundt – det vil seie at han har frå Nordfjord, Møre og Romsdal og Trøndelag som sitt distrikt for maskinfirmaet C. Dahm i Bergen.

Hallen der elementprodyksjonen foregår er på meste 5.000 m2 – over nyttår monteres ei ny og topp moderne elementjigg i fabrikklokalene i Todalen. Foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 9. desember 2017, 05:00 - Sist oppdatert: 8. desember 2017, 18:37