Det er tidligere kjent at Talgøkonsernet står framfor store investeringer dei komande åra – godt over hundre millionar fram til 2020. Denne veka blir det montert nytt automatisk kappanlegg i elementfrabrikken i Todalen som eit første trinn – over nyttår kjem montering av ny og automatisert elementjigg på plass – ei produksjonslinje for rasjonell elementmontering
Det nye kappanlegget skal være klart til prøvedrift alt neste veke. Det gir mulegheit til å kommunisere og hente data direkte frå hustegneprogrammet. Samtidig vil det gi muligheit for optimalisering av materialbruken. Det nye kappanlegget har kapasitet til å kappe alle materialar som brukes på huset og betjenes med ein person.
Kappanlegget er produsert i Nederland, men det er C. Dahm i Bergen som er leverandør. Vi tykker det er litt artig at det er Arnstein Moe som er salgsrepresentant for maskinfirmaet. Arnstein er todaling, og etter 2 år på møbellinja på Surnadal vidaregåande skule hadde han to års læretid på nettopp her på Talgø Møbelfabrikk. No reiser han land og strand rundt – det vil seie at han har frå Nordfjord, Møre og Romsdal og Trøndelag som sitt distrikt for maskinfirmaet C. Dahm i Bergen.