Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nytt liv til Toåa – sette ut rognboksar

Jon Olav Ørsal Onsdag 3. februar 2016

Onsdag var det aksjon med utsetting av befrukta rogn i Toåa. Tilsaman 23 000 augerogn vart sett ut i såkalla vibertboksar, der dei fortsett å utvikle seg til yngel og etter kvart forlet den trygge «heimen» dei har i boksen og tek seg ut i elvastraumen. Da startar den farefulle ferda – først ut i elva og seinare mot havet og oppvekst der.  Det er nok mange som bukkar under på ferda, av mange årsaker, men nokre kjem kanskje att som fine laksar og kan være med og bidra til å føre genane vidare i Toåa.

Vibertboksane vart lagt ut langs elvekanten, festa i kvita plastband som markerer kvar dei ligg. Let dei få ligge i fred! Foto:Statkraft/Monika Klungervik

Rognutlegginga som skjer på denne måten er eit samarbeid mellom Rossåa settefisk og Todalen elveeigarlag. Denne gongen vart det sett ut rogn i to områder, 12.000 i området ved Falløya og Storfossen og ned Stillhølen (4 vibertboksar) og vidare nedover mellom Steinutgarden og Bjøråa 8 vibertboksar).  Mellom Bruset og Lakssteinen vart det sett ut 6.000. Her er boksane lagt ut på Brusetsia, med 3 boksar rett over frå Skogstad og 3 boksar i hølen ovafor Brusetbrua.  Dei siste 5.000 vart lagt ut i Båthølen, med 3 boksar nedafor hølen og 2 boksar ovafor terkelen.

Augerogn_8507

Slik ser augerogna ut. Iløpet av vinteren og våren blir den til små yngel. Foto: Jon Olav Ørsal

No gjeld det at boksane for ligge i fred utover vinteren og våren til «leigeboarane» har flytta ut til livet i Toåa. Plassane der boksane er lagt ut er merka med kvite band i trea nær elva. Så dersom du ser eit slik kvitt band ved elva, så indikerer det at det er lagt ut ein vibertboks som er festa i plastremsa – med rundt 1000 aurgerogn i kvar. Let dei altså få ligg i fred og banda henge i fred.

Det er gjengen ved Rossåa settefisk og Ola Bruset frå Elveeigarlaget som har gjort jobben med utsettinga – og sendt oss flotte bilder frå hendinga.

Smoltutsetting4_120457

Utsetting av vibertboksar i Brusetmarka, nedafor utløpet til Bjøråa.Foto: Statkraft/Monika Klungervik

Smoltutsetting3_111725

Her skjer det utsetting i elva ved Skogstad. Foto: Statkraft/Monika Klungervik

Klart for utsetting ved Steinutgarden. Nerast ser vi Frøydis Bolme Hamnes og Bjørnar Åsbø frå Rossåa Settefiskanlegg. Foto: Statkraft/Monika Klungervik

 

Først publisert: 3. februar 2016, 21:00 - Sist oppdatert: 4. februar 2016, 07:52