Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nytt låssystem på Hett & Svett

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 3. juli 2024

Onsdag føremiddag vart det montert nytt dørlås på Hett & Svett. Det gamle låset har vore litt vanskeleg å bruke for enkelte, så no er det montert nytt. Den gamle låsen blir levert attende til leverandøren og kjøpesummen refundert. Den nye låsen kan brukast med brikke eller app.

Svein Arne Flyum var innom og fekk ny nøkkelbrikke av Elinor. Foto: B G Ansnes

Onsdag ettermiddag var det utdeling av brikkar og registrering av app-brukarar. Nær seksti møtte opp og fekk brikkar og tilgang til appen. Dei som ville fekk også ei lita rettleiing av Ola Talgø inne på Hett & Svett. Han viste fram øvingar på dei nye treningsapparata. 

Dei som ikkje har ordna seg med brikke eller app enda, kan ta kontakt med Elinor Bolme, så fiksar ho brikke eller tilgang til appen!

 

Publisert: 3. juli 2024, 18:48