Tidlegare har vi skreve om Fabian Østigård Ness som var utteke til si første landslagssamling i fotball i klassen U20 og som spela sin første landslagskamp mot Frankrike under ei samling på La Manga 19. november. Fabian har no på ny vorte utteke til nok ei landslagssamling, og er enda eitt skritt nærmare U20-VM i Polen 23. mai til 15. juni.
I følge NFF si heimeside vil dei over helga dra til Østerrike for først å trene saman i fem dagar før dei avsluttar opphaldet med to treningskampar henholdsvis mot Østerrike og Slovakia 23. og 26. mars. Dette er den siste samlinga før VM-troppen blir kunngjort siste halvdel av april.
Fikk du ikkje med deg den første saka om Fabian kan du lesa den her: Fabian spelar med flagget på brystet