I snekkarverkstedet på Liatun er det eit arnested for spesielle ting som folk vil ha. I dag la Gunnar Nordvik siste hand på verket for klokketårnet som skal til Nordvik. Det er Karin Åsbø og Nils Håvard Øyås som har bestillt klokketårn som skal monterast på det restaurerte stabburet heime i Nedre Slettnesset.
Gunnar fikk kunstnerisk friheit til å designe og lage supaklokketårn til stabburet, og vi tykkjer han har lykkast med det arbeidet. Han har laga både tårnet og opphenget til klokka. Klokka er forresten laga rett i nabiolaget på Nordvik – i Åsbøhagen – av Ola Polden som i si tid dreiv og støypte messingklokker i smia si. Ola har signaturen sin på klokka støypt inn.
Gunnar har lage klokkhuset med spontak, og det vart veldig fint. Rett nok vart det litt arbeidssomt, men det er det faktisk verdt etter vår smak. Nå står det berre att å løfte klokkehuset opp på staburtaket og sette det skikkeleg fast, slik at det tåler ein hauststorm. Det skjer ein av dei næraste dagane – så snart det blir utvarran vêr, ffortel Gunnar.