Den 2. oktober er det 2 år sia brannen på Talgø gard, der gammelstua vart totalskadd. Heldigvis var forsikringane i orden, og dermed har planane om nytt hus teke form etter kvart. Sia den gongen har det pågått opprydding etter brannen og branntomta er gjort klar til bygging av nytt hus til erstatning for det gamle, fortel Anita Talgø som er byggherre.
Etter grundig planleggjing er no bygginga av nytt hus i gang med Talgø-sekapet Tradbo som entreprenør. Dei siste vekene har det pågått rigging av tomta og bygging av grunnmurer, og i løpet av eit par dagar er no byggelementa på plass. Det er forresten kortreiste byggelement, som er produsert på Talgø-Byggs elementfabrikk i Todalen.
No startar innreiingsarbeidet av det nye huset, og i løpet av hausten ein gong vil det være klart for å kunne takast i bruk som bustad.