Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nytt golfår i emning

Elinor Bolme Laurdag 30. mars 2019

Surnadal golfklubb inviterer sine medlemmar til oppfriskningskurs på reglane for golfklubben tirsdag 9. april kl 18.00. Her blir det både gjennomgang av sentrale reglar og nye regelendringar.  Oddvar Væge og Emil Naterstad står for gjennomgangen som skjer i klubbhuset til golfklubben på Kvanne.

Ellers har klubben no sett opp aktivitetskalenderen sin med mange ulike aktivitetar utover våren og sommaren. Her er mange ulike turneringar, og fleire av arrangementa er lagt opp med tanke på rekruttering av nye medlemmer.

Sjå heile aktivitetskalenderen her: Aktivitetskalender 2019

 

Under klubbens årsmøte 23. februar vart det også litt omrokkeringar i styret. Oddvar Væge takka av som styreleiar, og Hallvard Kvande vart vald som ny leiar. Frå venstre: Emil Naterstad, SIri Vaagland, Hallvard Kvande, Tove Hilstad Garte og Knut Haugen. Foto: Surnadal Golfklubb

Det nye styret som vart valgt på årsmøtet fekk følgende sammensetning:

Hallvard Kvande, styreleiar
Einar Grønnes, nestleiar
Siri Vaagland, kasserar
Jens Nervik, sekretær 
Tove Hilstad Garte, styremedlem 
Emil Naterstad, varamedlem 
Knut Haugen, varamedlem 

Geir Berntsen og Stig Talgø vart gjenvalgt som banesjefar.

Les fleire nyheiter frå klubben på deira eiga heimeside Surnadal-golfklubb.no

Publisert: 30. mars 2019, 10:27