No skal maskinene til Per Gjeldnes Maskin få tak over hovudet. På tomta til Todalen Industribygg bygges det no garasjeanlegg på rundt 650 m2, der det skal bli plass til det meste av maskinparken som selskapet har.
Nybygget er basert på kortreiste byggelement frå elementfabrikken til Talgø MøreTre i Todalen. Stålkonstruksjonane er også kortreist, da dette er gjenbruk av stålet i den gamle Halsabrua. Per Gjeldnes Maskin overtok den gamle brukonstruksjonen da gammelbrua vart rive i 2002, og no kjem dei altså til nytte i nybygget.
Laurdag var det montering av takstoler på nybygget – til saman 80 takstolar skal løftast på plass og monteres. Bøvra Transport sørga for løftehjelp med kran og da vi var innom anleggsområdet i føremiddag var di godt i gang med monteringa.