Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nytt Framgang-magasin kjem i postkassen i dag

Jon Olav Ørsal Torsdag 20. september 2018

Magasinet Framgang (tidligare kjent som Utpågang) kjem ut i dag, og du finn eit rykande ferskt eksemplar i postkassa di. Denne gong er hovedsakene om trav og rideklubbar i Surnadal og Sunndal, og vi møter framifrå ambassadørar for hestemiljøet i begge kommunane. – Møt også Lene Søyseth som har gjort lidenskapen til både livsstil og levebrød, og arbeider som hovslagar.

For oss todalinger står auka satsning på landbruk i fokus denne gongen, og vi møter familien Longva Kvendset som tek sats og investerer i framtida med både nytt fjøs, og i meieridrift.
Framgang utgis av Amfi Kreativ i samarbeid med kommunane Surnadal og Sunndal, og er ein del av SuSu prosjektet. I denne utgåva har dei lagt til spennande bonusmateriell i form av AR teknologi (digitalt innhald).  Stig Husby i Amfi Kreativ oppfordrar alle til å finne fram mobilen og følgje instruksene på første side i magasinet!  Dersom du vil lese den digital utgåva av magasinet, klikkar du berre på linken til Framgang her!

Les om satsinga som familien Longva Kvendset gjer, med både nytt fjøs og nytt meieri. (Illustrasjon frå Framgang)

 

Først publisert: 20. september 2018, 05:00 - Sist oppdatert: 19. september 2018, 20:33