Audun Moen Skei er tilsett som kjedekonsulent hos Talgø. Dei fleste av oss kjenner vel Audun frå den tida han var å finne attom disken på Power Surnadal, men dei siste par åra har han vore drivar og medeigar i Power Orkanger. Frå 1. juni er han på plass hos Talgø.
Audun er 24 år men han har alt vunne å utrette mykje, tross sin unge alder. Alt som 18-åring starta han som medeigar og butikkleiar på Power Surnadal og sidan har det gått slag i slag for Audun. – Han har solid erfaring frå både sals- og marknadsarbeid, og vi er svært glade for å få med oss Audun inn i vår vidare satsing, seier divisjonssjef for sal og marknadsføring i Talgø, Bjørn Hauglann.