Todalen sanitetsforening har på styremøte bevilga kr 10.000 til hjartestartaraksjonen. Rykta fortel at det er fleire lag som jobbar med saka, så det kjem vel meir etter kvart.
Som kjent er det plana å plassere hjartestartaren i brannstasjonen på Kvennset, slik at den er lett tilgjengeleg. Sanitetsforeninga tek ansvaret for å lære opp folk til å bruke startaren og sørger for kursing av personale og for at det finns naudsynt utstyr for trening og opplæring. Som kjent vil startaren åleine kome på rundt 30.000, men i tillegg vil det dra med seg ein del kostnader til kurs, øvingsmaterialer og ikkje minst vedlikehald, seier nestledar i Todalen sanitetsforening Maren Ansnes. Ho seier også at det muligens må være ein form for beredskap for mannskap som er opplært på hjartestartaren, men dette er litt uklart enno.
Men for bedrifter, lag og organisasjonar som enno ikke har bestemt seg, så kan vi berre seie: Gi så det svir til eit nyttig formål for bygda!