Den som har venta på detnye årsskriftet frå Stangvik historielag, har ikkje venta forgjeves. I dag dumpa det i postkassen her i redaksjonen, og vi er imponert over både breidde i stoffet og mykje interessant lesnad i det 72-siders heftet – både gamalt og nytt stoff har kome med.
Stangvik historielag favnar over eit stort geografisk område og har mange tema og saker som dei kan ta fatt på. Årets redaksjon som består av Marit Hauen, Lars Steinar Ansnes og Torbjørn Polden, viser at dei har jobba profesjonelt og har endt opp med ei kjempebra produkt. Vi kan nemne nokre tema som har fått spalteplass i år – røykomnar og røykomnstuer, fruktdyrking i Stangvika, turstiar i Torvika, om Magnor Haltbakk som i si tid vurderte mulegheitene i Trollheimen i tillegg til eldre slektshistorie og markaslått.
Sjølvsagt er også 100-årsjubileet til Bondehuset og aktivitetane rundt det med i årets årsskrift.
No kan du kjøpe årsskriftet i butikksentra både i Sunndal og Surnadal, i tillegg til Matkroken i Todalen og Joker Ålvundfjord – i tllegg kan haftet kjøpast hos Marit Haugen og Einar Grønnes i historielagets styre. Alle som er medlemar og har betalt medlemskontingenten får eit eksemplar utdelt/tilsendt som er inkludert i medlemskapet.