Todalen historielag har kome med eit nytt årsskrift, som er i salg. Heftet er på heile 80 sider med todalshistorie, og er rikt illustrer med fargebilete som er knytta til stoffet.
Dette er årsskrift nr 8 fra Todalen historielag, der alle sammen har Reidar Østvik som redaktør. Og nummer 8 er etter vår meinig det beste av dei alle.
Østvik skriv i forordet at det er teke med stoff frå både ny og gammel tid, som han håper er av historisk verdi. Og akkurat det er det som gjer at produktet blir bra etter vår meining.
I årets hefte finn vi mykje interessant stoff, som for eksempel historia til L. Hals, om sommarfjøsa i Todalen, om kvernhusa i Storfossen, kartlegging av demninger, litt om Todalslaksen og om kraftverket i Rossåa. Altså litt tå kvart.
Heftet er i salg for ein hundrelapp hos ICA Todalen, Bokhandelen i Surnadal og hos Wenche Kvendset i Viastua. Dei som er medlemar i historielaget har allereie fått eit eksemplar i postkassen.Dette er inkludert i medlemsskapet.
Dette er anbefalt lesnad både for innfødte og utfløtta todalingar, og andre som er todalsvener!