Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nytt årsskrift frå Stangvik historielag

Jon Olav Ørsal Måndag 3. desember 2018

Årsskrift for 2018 frå Stangvik historielag er på plass i butikkhyllene.  I tradisjonelt A4-format og med 60 sider med lokalhistorie er historielaget i rute både til historieinteresserte og som jule-lesnad. Årets nummer er den 12. utgåva frå historielagets skriftstyre og det inneheld mykje god og variert lesnad – litt for ein kvar smak.

I årets hefte startar dei med ei sak frå første sosialiststemnet på Nordmøre – det skjedde på Surnadalsøra i 1914, og hadde mellom anna Martin Tranmæl på talarlista.  Vidare har dei funne fram ein gamal artikkel etter Bjarne Østbø, som beskriv «Tankar om ei tid som er forbi», og som beskriv seterliv og markaslått i gamle dagar.

56 sider med mykje god lokalhistorie i årets årsskrift.

Vidare er det ein artikkel om Dampskipet Victorias forlis i 1903, der matros Johannes Røsli frå Stangvik, og styrmann Just Endresen frå Kristiansund var om bord. Den neste artikkelen handlar om Finn Ouren – Trønderen som kvar sommar var på besøk på Årnes.  I fortsettinga har Kåre Magne Holsbøvåg skrive om stadnamn langs fjorden mellom Brøskja og Torvika – ein av plassane heitte St. Olavsfestet.

Mykje stoff om seterliv og markaslått i årsskriftet.

Elles er det meir stoff om markaslått – denne gong i Bortigardsmelen og i Utigardsmelen – ein artikkel der Anders Stenberg tek oss med på vandring på gamle tomter.  Elles er konfirmantane frå 1945 presenterte – med bilde frå konfirmasjonsdagen og med bilde frå 50-årsjubileet i 1995. Ein artikkel etter Endre G. Holten beskriv minne frå barne- og ungdomsår på Eidet. Nordmørsjekta «Dyrafjeld» som er eit av verdas eldste seglande farty – den er bygd i fjæra ved utistua Nes på Neslandet.

Til slutt er det artikkelen om Ingebrigt G. Kvendset – ein transportpioner frå Todalen – som rundar av årets årsskrift frå Stangvik historielag.

Minner om boksleppet
Stangvik historielag minner også om boksleppet på Stangvik skule onsdag kveld kl 19, der forfattarane Erling Myrbostad, Torbjørn Polden og Lars Steinar Ansnes presenter boka si – «Under Skarfjellet – lokalhistorie frå Eidet og Lykkjebygda. Her vil også årsskriftet få ein nærare presentasjon.

Publisert: 3. desember 2018, 23:12