Etter at skogmus og stjernekrigarar dominerte desembermånaden på Surnadal kino, vil det bli vist sju nye filmar i januar. To er allerede unnagjort, men fem står att. To av dei er amerikanske filmar, men begge er regissert av nordmenn. Science-fiction-filmen «Passengers» (9 år) er laga av Morten Tyldum, som tidlegare har gjort «Hodejegerne» og «The Imitation Game». Det er kjente Jennifer Lawrence («Hunger Games» m.fl.) og Chris Pratt som har dei største rollene.
«The Autopsy of Jane Doe» (15 år) er ein skrekkfilm laga av André Øvredal, tidlegare mest kjent som regissør av «Trolljegeren». Ei ikkje-identifisert kvinne («Jane Doe») blir funne drepen i ein småby. Under obduksjonen finn dei skadar på kroppen som minner om slike som hekser vart utsett for.